![]() |
Det er lettare å donere lite grann pengar enn å ha nokon buande hos
meg, seier Mariken Halle (29). Foto Heidi Hattestein |
Onsdag laga Mariken Halle (29) sitt livs første demonstrasjonsplakat. Ho deltok i fakkeltog til støtte for papirlause etiopiarar. Men til kva nytte?
Sakset fra: Dag og Tid 16. mars 2012
Skrevet av: Heidi Hattestein
På plakaten hadde ho måla følgjande bodskap: «Meir humanitet nå».
- Eg meiner at Noreg har lagt seg på ei umenneskeleg linje i denne saka. Vi må sjå på situasjonen her og no. Og situasjonen her og no er at mange av etiopiarane var unge då dei kom, dei har vore lenge i landet, dei har ikkje gjort noko kriminelt, og dei er redde for å vende tilbake, seier Halle.
- Er ikkje saka tapt?
- Ikkje naudsynlegvis. Det var ei fin forsamling utanfor Stortinget onsdag kveld. Det blei halde kloke og vakre talar, mellom anna tala ein etiopisk mann om at han framleis trur på det gode med Noreg. Han så til Jens Stoltenberg at det aldri er for seint å ombestemme seg.
HARDNAR TIL
«Ureturnerbare» har vi kalla etiopiarane. Dei har fatt a vslag på grått papir, men Noreg har ikkje hatt høve til å returnere dei før no, dels fordi Etiopia ikkje har vilja tå imot dei, og dels fordi dei har skjult identiteten sin.
Å vere ureturnerbar er å vere i evig transit. Flyet har mellomlanda, men blir verande på bakken. Og åra går.
Nokre av dei etiopiske asylsøkjarane har vore her i nesten ein halv generasjon. I løpet av denne tida har ein ny generasjon kome til verda, born som er fødde i Noreg, men som ikkje har norsk statsborgarskap. Eller sagt på ein annan måte: Etiopiarar som aldri har vore i Etiopia.
Dei papirlause asylsøkjarane har levd vekselvis i unntakstilstand og så normalt som det let seg gjere: Dei har gått i kyrkjeasyl, telta utanfor Oslo domkirke, sveltestreika. Fleire av dei har jobba og betalt skatt, men tidlegare i år blei kontrollen med skattekort skjerpa.
Dei motset seg returnering, anten fordi dei fryktar at dei vil bli fengsla i heimlandet, eller fordi dei ikkje vil forlate ektefelle og born som har fatt opphald i Noreg.
Dei får støtte frå mange hald: forfattar Ingvar Ambjørnsen, seniorforskar Siegfried Pausewang, Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOAS), Venstreleiar Trine Skei Grande - med fleire.
Venstre-leiaren fryktar at sensitive opplysningar skal hamne i feil hender.
- Kva er grunnen til at returavtalen ikkje tek atterhald om personleg informasjon som kjem fram i asylsøknaden, slik returavtalar med andre land gjer? På kva måtar vil statsråd Grete Faremo forsikre seg om at dei returnerte asylsøkjarane ikkje blir utsette for fengsling, drap og tortur, spør Trine Skei Grande.
Det er store interne konfliktar i Etiopia. Situasjonen har hardna til dei siste månadene. Den norske ambassaden i Addis Abeba har sendt fleire uromeldingar til Utanriksdepartementet om arrestasjonar av opposisjonelle. Fleire journalistar har også blitt arresterte.
BEREKRAFTIG?
Halle meiner at det ikkje kan vere tvil: Borna bør få bli, og dei andre bør få sakene sine vurderte på nytt.
- Er det berekraftig asylpolitikk å la dei bli? Eller sagt på ein annan mate, skal «alle» som kjem frå undertrykkjande regime, få opphald i Noreg?
- Ein må kunne vurdere situasjonen til menneske som er her i landet, og som er i naud, utan at ein dermed er tilhengjar av opne grenser. Dessutan er det naivt å tru at systemet og sakshandsaminga fungerer optimalt. Eg trur at dei fleste som har vore i kontakt med den offentlege forvaltinga, har opplevd å vere ueinige med sakshandsamaren sin. Dei som trur at UDI berre tek fantastisk proffe avgjersler, bør sjå Thomas Østbyes film Drømme kan du gjøre senere. Filmen handlar om ein kurdars brutale møte med UDI per telefon.
PÅVERKAR PRIVATLIVET
Halle har lenge vore engasjert i etiopiarane si sak. I 2004 laga ho filmen Trygve med hjertet i postkassen med etiopiske asylsøkjarar i hovudrollene. Trygve blir spela av Ermias. Filmen handlar om hausten då det skal vere fest. Den hausten blada fell frå trea, og Noreg for andre gong blir kåra til verdas beste land å bu i. Det er ein fiksjonsfilm der ureturnerbare etiopiarar spelar norske ungdomar i ei typisk oppvekstskildring.
I 2005 inviterte ho Ermias til å sjå filmen saman med henne i Bergen. Han kom med masse bagasje og bad om å fa vere med til Oslo, og han blei buande heime hos henne i ein månad.
Halle er ikkje åleine om å engasjere seg for etiopiarane, men dei fleste lukkar døra bak seg når dei kjem heim.
- Jobb og privatliv glir inn i kvarandre, slik er det for fleire filmskaparar som eg beundrar. Margreth Olin til dømes. Ho reiser rundt og held føredrag for å kunne finansiere rettssaker for mindreårige asylsøkjarar.
Halle har tenkt mykje på filmen dei siste vekene. Ho har veksla mellom å tru på at filmen kan hjelpe, og å tenkje at han ikkje kan oppnå noko som helst. At filmen er meir for hennar skuld, enn for Ermias.
- Filmen fekk meg inn på Filmhögskolan i Goteborg, men ikkje Ermias inn i Noreg.
SJENERT SLÅSTKJEMPE
- Det finst to krefter som styrer verda: kjærleik og frykt. Mariken har mykje av det første, og lite av det siste, seier ein nær ven.
- Ho inspirerer meg til å ta val baserte på kjærleik og ikkje frykt. Men det tyder ikkje at ho er ein mjuk pudding. Ho kan vere ganske hard. Det er viktig å ha evna til å distansere seg, når ein er svært engasjert i noko. Mariken er målretta, som eit lokomotiv, seier venen.
Korleis meiner ho sjølv at ho taklar at andre er diametralt usamde med henne?
- Eg har blitt mykje flinkare, seier ho.
- Før var eg meir sjenert. Viss andre var ueinige med meg, gjekk eg rundt og tenkte på det og heldt det for meg sjølv. I dag har eg starta filmselskapet Vapen och Dramatik saman med to andre, og eg har ein klok og tøff kjæraste som seier det han meiner. Det har gjort meg mindre redd for konfliktar. Eg ser at det er lettare å få gjort ting, når ein seier høgt kva ein meiner.
PARADOKS
Ei anna sak som har fart stor plass i media den siste veka, er SSBs innvandrartal. Halvparten av Oslos befolkning kan vere innvandrarar innan 2040, melder aviser og TV. Ei unyansert framstilling, meiner Halle.
- Born som er fødde i Noreg av innvandrarforeldre er like norske som andre, seier ho.
- Kva trur du vi djupast sert fryktar?
- Vi er vel redde for å miste det som gjer livet behageleg. Det merkar eg sjølv også. Det er lettare å donere lite grann pengar enn å ha nokon buande hos meg. Og så er det mange som kanskje er redde for at menneske med andre verdiar skal ta for mykje plass, men eg trur tvert om at vi treng menneske i Noreg som har opplevd andre ting enn oss og er kloke på andre område. Det er eit paradoks at ein del eldre er skeptiske til folk frå framande kulturar, samstundes som folk frå framande kulturar ofte har tradisjon for å ta seg godt av dei eldre.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar