søndag 5. februar 2012

Har ikkje endra syn på Eritrea

Eritreiske flyktningar i interneringsleir i Sudan. Leiren mottek om lag 2000 asylsøkjarar kvar måned.
Dei fleste kjem frå nabolandet Eritrea der mange flyktar frå militærtenesta. Foto: Scanpix

Det er ikkje mindre problematisk med retur av asylsøkjarar til Eritrea enn før, meiner FNs høgkommisærfor flyktningar. Men ein returavtale er i seg sjølv berre bra.

Sakset fra Dag og Tid 3. februar 2012
Skrevet av: Per Anders Todal

Hanne Mathisen
Talsperson ved Stockholm-kontoret til UNHCR
Denne veka skreiv Klassekam­pen at Noreg forhandlar med Eri­trea om ein returavtale for avviste asylsøkjarar. Dette har vekt sterke reaksjonar: Eritrea er eit brutalt diktatur, og det finst rapportar om at asylsøkjarar som har blitt sende til Eritrea frå andre land har blitt fengsla og mishandla. Men ein eventuell returavtale med Eritrea er i seg sjølv ikkje negativt, meiner Hanne Mathi­sen, talsperson ved Stockholm-kontoret til FNs høgkommisær for flyktningar (UNHCR).
 
- Returavtalar er i seg sjølve positive. Det er viktig at land forpliktar seg til å ta imot sine eigne statsborgarar. Når det gjeld Eri­trea særskilt, har UNHCR i dei siste retningslinene sine ikkje sagt noko om returar. Vi foku­serer no på kva grupper som er spesielt utsette i Eritrea, og kven som har størst behov for vern.
 
I nokre tilfelle kjem UNHCR med råd om returar, som ein del av vår utvida humanitære rolle. Kor vidt vi skal gje returråd for ulike land, blir avgjort i kvart einskild tilfelle. Vi vil som regel ikkje kome med tilrådingar om returar når det er lite tilgjengeleg informasjon om situasjonen for dei som blir returnerte. På grunn av vanskane med å vurdera den humanitære situasjo­nen og overvaka kva som skjer med returnerte, kan UNHCR på det noverande tidspunktet ikkje gje råd om retur av asylsøkjarar med avslag.
 
Generelt seier UNHCRs retningslinjer at retur skal skje på sikre og verdige måtar.
 
- Men er det i det heile mogleg å returnere nokon trygt til Eritrea i dag?
 
 -  Eg utelukkar ikkje at det finst asylsøkjarar frå Eritrea som ikkje har behov for vern. Men ein må gjere ei grundig individuell vurdering av om retur kan skje utan fare. Når det ikkje står noko om retur til Eritrea i dei siste ret­ningslinene våre, tyder ikkje det at vi er meir opne for returar dit no enn før. Vår primære rolle er å gje råd om behandling av asylsøknader. Det skal ikkje tolkast som om vi har endra oppfatning om Eritrea. Det er vanskeleg å få ut informasjon derifra, og det er stor uvisse om korleis returnerte blir behandla der.
 
-  I Noreg har arbeidet for ein  returavtale  mellom  anna blitt grunngjeve med at UNHCR ikkje fraråder retur til Eritrea i dei siste retningslinene dykkar, medan de før frårådde det. Men dette er altså ikkje på grunn av noka ny vurdering av Eritrea frå dykkar side?
 
- Nei, eg understrekar at dette ikkje tyder at vi har endra posi­sjon. Det er ikkje mindre proble­matisk med returar til Eritrea enn før. Men landtilrådingane våre no fokuserer i staden på kva grupper som har særskilt behov for vern.
 
- Kva veit UNHCR om folk som har blitt tvangsreturnerte til Eri­trea?
 
- Det er svært vanskeleg å få informasjon ut av landet, så det er vanskeleg å slå fast om returnerte systematisk blir utsette for fengs­ling og tortur. Eg trur ikkje nokon kan seie dette sikkert.
 
-I fjor fekk Sudan ei sterk fordøming frå UNHCR for å ha depor­tert ei gruppe asylsøkjarar til Eri­trea. Kjenner du til noko vestleg land som returnerer eritrearar fortida?
 
- Eg kan ikkje seie på ståande fot om det er nokon som gjer det, men det skjer i alle fall i svært liten grad.
 
- Kven vil vere mest utsette ved ein eventuell tvangsretur til Eri­trea?
 
- Det er eit skilje mellom dei som har forlate landet med utreiseløyve og dei som har reist utan. Men når det gjeld risikoprofil, bør ein mellom anna vurdere nøye dei som har unndrege seg militærteneste, som i Eritrea er noko ein kan bli kalla inn til mykje av livet sitt. For desse kan risikoen vere høg. Andre utsette grupper er opposisjonelle, fagforeiningsfolk, religiøse minoritetar og journalistar. Eritrea er av verdas verste land når det gjeld mediekontroll.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar