onsdag 21. september 2011

Vi som elska ANC -eller gjorde vi det?

Skrevet av : Sigrun Slapgard
Sakset fra: Dag og Tid 9/9-2011

Originalartikkel
I dag pyntar alle seg med at dei støtta Mandela og kampen mot apartheid, men fullt så enkelt var det ikkje, seier historikar Tore Linné Eriksen.

Vi har nettopp teke imot den sørafrikanske presidenten Jacob Zuma som det sømmer seg å ta imot ein ærverdig statsleiar. Og vi har nok ein gong forsikra oss sjølve om at Noreg stod i fremste rekke for å avskaffe det menneskerettsstridige apartheidregimet. Var det ikkje slik? Dag og Tid vil ta ein faktasjekk på spørsmålet og rettar det til eksperten. Tore Linné Eriksen, historikar og Afrika-kjennar, svarer i ein mildt polemisk tone:

- Eg vil snarare seie at Noregs viktigaste rolle var å transportere olje til apartheidregimets krigsmaskin.

- Motsett festtalane, altså?
- Ja, mye tyder på at vi som gav Luthuli, Tutu og Mandela fredsprisen, bidrog til å forlenge apartheidregimet på same tid som vi gav humanitær hjelp til sørafrikanske flyktningar i nabolanda. I dag pyntar alle seg med at dei støtta Mandela og ANC, men biletet er mykje meir samansett. Dette har vi dokumentert i eit større historieprosjekt som har teke for seg forholdet mellom Noreg og det sørlege Afrika.

Når Tore Linné Eriksen skal punktere mytar, vil han helst vere grundig og starte med utgangspunktet. Han fortel om ein desemberdag i Oslo i 1960 han hugsar godt: Da vart Albert Luthuli, daverande president i Afri-can National Congress (ANC), møtt med det største fakkeltoget i fredsprisens historie.

- Det var eit paradoks, for tildelinga var grunngitt med at han var ein forkjempar for ikkje-vald.

Men akkurat på denne tida var ANC blitt tvinga under jorda og planla sine første væpna aksjonar under leiing av Nelson Mandela. Kanskje burde Luthuli ha delt prisen med Nelson Mandela, som måtte vente i mer enn tretti år og i staden fekk dele han med statsterroristen William de Klerk! Tore Linné Eriksen meiner alt som har kome fram i sanningskommisjonen om overgrep under de Klerk, burde fått Nobels Fredssenter til å justere innhaldet i utstillinga si. Han meiner at tildelinga av prisen til de Klerk var med på å forlenge hans politiske liv og styrkte dei kreftene som freista å sikre det økonomiske overtaket til det kvite mindretalet i den viktige overgangstida. Biskop Tutu har seinare sagt at han aldri ville ha støtta tildelinga om han hadde visst kor aktivt de Klerk motarbeidde ANC, både med valdelege tiltak og skittent spel i kulissane.

-  Men Noreg stilte seg etter kvart i spissen for sanksjonane?
- Her må vi tilbake til dei historiske fakta igjen. Kravet om norske sanksjonar kom opp i Stortinget i 1963 og fekk berre to einslege røyster, frå Sosialistisk Folkeparti.   Sanksjonsspørsmålet vart halde utanfor den offisielle dagsordenen heilt til slutten av 1970-åra, og i mellomtida hadde norske reiarlag posisjonert seg som dei fremste oljetransportørane til apartheidregimet. Sør-Afrika var eit krigførande land og såg på oljen som eit militærstrategisk produkt. Landet okkuperte Namibia, førte krig mot Angola og - via RENAMO - mot Mosambik. Alle frigjeringsrørslene oppmoda Noreg gong på gong om å stanse leveransane, at vi måtte slutte å vere krigsprofitørar. Blod-pengar, var ordet biskop Tutu brukte.

LO PÅ LINE MED REIARLAG
- Likevel er det ei vanleg politisk oppsummering at vi var med på eit effektivt sanksjonsregime, at Noreg så å seie har ein god del av æra for at apartheid i dag er historie?

- Sanninga er at Noreg kasta seg på sanksjonane først dei siste åra før regimet fall på slutten av 80-talet. Då norske regjeringar, uansett partifarge,  let vere  å sette i gang økonomiske sanksjonar alle åra fram til da, vart dette forklart (eller bortforklart) med at det hadde liten effekt utan eit bindande FN-vedtak. Både Fellesrådet for det sørlege Afrika og sterke krefter innanfor kyrkja svarte med argument som tok utgangspunkt i moral og solidaritet, som at transport av olje var særleg ille til ein okkupant og krigførande part. Noreg hjelpte flyktningane med den eine handa og krigsmaskina med den andre. Dette kan kanskje  kallast ei balansert haldning, ein stolt tradisjon i norsk utanrikspolitikk...

-  Men alle fordømte apartheid, eg kan ikkje kome på andre enn Anders Lange og Erik Gjems-Onstad som forsvarte mindretalsregimet?
- Vel, i praktisk politikk såg det annleis ut. Under Arbeidarpartiet heldt handelen og skipsfarten fram, anten handels- og skipsfartsministeren heitte Reiulf Steen eller Hallvard Bakke, noko dei neppe er særleg stolte av i ettertid. Sjølvsagt vart det heller inga endring under Kåre Willoch mellom 1981 til 1986. På den tida var det sterke band mellom sentrale høgrepolitikarar og reiarnæringa. Det kunne verke som om dei var betalte av reiarane -og det var fleire av dei også.

I FREMSTE REKKE FOR APARTHEID
- Kor viktig var den norske samhandelen med apartheidstaten?
-   Sjølve   varehandelen  var ikkje så stor, men det viktigaste var at dei norske reiarlaga stod i fremste rekke. Dette vart etter kvart godt dokumentert av det nederlandske Shipping Research Bureau. Dei rekna ut at norske reiarar i første halvdel av 1980-åra leverte 30 prosent eller meir av all olje i sørafrikanske hamner. I spissen stod reiarlag som Mosvold Shipping, A/S Thor Dahl, John Fredriksen, Sig. Bergesen d.y. & Co. Fleire av dei uttala seg med sympati for apartheidregimet når dei vart tvinga ut i open debatt. Da det i 1981 var påvist at «Moscliff» var eitt av skipa med flest turar til Sør-Afrika, uttala Torrey Mosvold til Dagbladet: «Jeg må beundre myndighetene i Sør-Afrika når jeg ser hvor meget de gjør for de innfødte.»

- Soweto-opprøret kom i 1976 - men den norske samhandelen heldt altså fram som før?
- Visst, men etter Soweto vart det stadig meir uhaldbart å sameine solidaritet med rolla som krigsprofitør. På grasrotplan var det sett i gang ein omfattande forbrukarboikott, og etter initiativ frå Fellesrådet for det sørlege Afrika vedtok 80 prosent av alle kommunar i landet, og ti av tjue fylkesting, å innføre «apartheidfrie soner» og full boikott av sørafrikanske varer. I nyttårsbodskapen sin ved inngangen til 1986 gjorde Oslo-biskopen Andreas Aarflot det klart at det var moralsk uakseptabelt å tene pengar på å transportere olje til apartheidregimets krig. Han vart møtt med ein intens motkampanje frå ei skipsfartsnæring som var van med å få viljen sin. Reiarane fekk dessutan draghjelp frå Sjømannsforbundet og LOs internasjonale kontor.

- Kvifor var LO og Sjømannsforbundet imot sanksjonar?
- Når det ikkje var bindande, internasjonale  sanksjonar, var det nærmast utenkjeleg å gå inn for noko som kunne truge ein einaste arbeidsplass. Dessutan var ANCs fagrørsle, SACTU, med i feil internasjonal organisasjon, den austblokkdominerte, og kald krig var lenge viktigare enn kamp mot apartheid. LO sørgde for at det aldri vart løyvd éi norsk krone til ANC-styrte SACTU, sjølv om organisasjonen fekk omfattande støtte frå svenske styresmakter. Frå midten av 1980-talet endra situasjonen seg med ei ny fagrørsle i Sør-Afrika, som LO da vart ein viktig støttespelar for.

HISTORIEOMSKRIVING
Først ti år etter Soweto endra den norske regjeringa kursen. Da Willoch-regjeringa fall i mai 1986, sette Gro Harlem Brundtland i gang arbeidet med ei sanksjonslov som vart lagd fram i november og vart gjeldande lov frå februar 1987. På denne tida var dette ein del av ei internasjonal endring og ei erkjenning av at apartheidregimet var på veg mot avgrunnen. Men Tore Linné Eriksen peiker på at det var ei sanksjonslov full av hol, det var langt frå tale om total embargo: Det vart gitt lisens for unntak.

- Dette var ei ordning som var skreddarsydd for verksemder som ELKEM; dei ville halde fram importen av mangan, og slik vart det. Det produktet som utgjorde 75 prosent av all import frå Sør-Afrika, fekk unntak. I røynda vart unntaket regelen. Reiarlaga fekk halde fram med det meste og særleg dei mest lønsame fraktene sine.

Tore Linné Eriksen meiner den politiske hugsen er svært kort og i alle fall selektiv når det gjeld Sør-Afrika. Han nemner som eksempel at Gro Harlem Brundtland nyleg var med i ein NRK-serie om tilbakeblikk på 1970-åra.

- Her fortel Gro Harlem Brundtland kor sjokkert ho var over Margaret Thatcher da ho så seint som i 1986 var imot sanksjonar overfor Sør-Afrika. Men faktum er at dette omtrent like lenge var offisiell Arbeiderparti-politikk. Det var først året etter den norske politikken vart endra, og da berre så stykkevis og delt at det ville ha varma Margaret Thatcher.

HANDEL FRAMFOR MORAL
- Korleis kan ein forklare at det sosialdemokratiske, velviljuge Noreg handla så seint?
- Det rådde ein viss konservatisme i styringsverket. Fram til om lag 1970 vart representantar for frigjeringsrørsler i beste fall tekne knot på «lågt embetsmannsnivå» i UD. Historisk har det også vore sterke band mellom reiarlag, storindustri og norske toppolitikarar, og det var difor den radikale solidaritetsrørsla og kyrkja som brøytte veg. På offisielt hald skjedde ei oppvakning da Noreg i 1973 var vertskap for ein stor FN-konferanse om offera for kolonialisme og apartheid. Tidleg i 1973 var det brei semje i Stortinget om at Noreg skulle følgje det svenske eksemplet og innleie bistandssamarbeid med frigjeringsrørslene i dei portugisiske koloniane, Rhodesia/Zimbabwe og Namibia. ANC vart halde utanfor i starten, men frå 1977 kom også dei inn i varmen, men i motsetnad til Sverige vart det gitt midlar til bruk for ikkje-militær verksemd inne i landet.

- Og etter kvart auka bistanden til dei afrikanske frigjerings-rørslene?
- Ja, den var eit viktig solidarisk handslag, men   hjelpa nådde ikkje på langt nær opp til verdien av handelssamkvemet med apartheidregimet. Da den humanitære bistanden nådde eit toppunkt midt på 1980-talet, utgjorde han om lag 100 millionar kroner i dagens pengeverdi.

I same år vart apartheidregimet tilført meir enn det tredobbelte i valutainntekter gjennom eksport til Noreg, mens norsk skipsfart frakta for ein verdi av 700-800 millionar kroner til og frå Sør-Afrika.

- På kva måte synest du vi har ansvaret for Sør-Afrikas nåverande problem?
- Fordi vi var med på å forlenge apartheid og legitimere den sterke posisjonen til de Klerk i overgangsperioden frå rasediktatur til demokratisk styre, vart såra enda djupare. Det vart ikkje lagt til rette for strukturelle endringar og ein reell utjamningspolitikk. Mandela fekk til og med arve gjelda apartheidregimet sette seg i etter all krigføringa! Etter mitt syn har ANC gjort mye for å utvikle demokratiet, men dei har arva ein struktur som verdssamfunnet ikkje hjelpte dei med å fjerne, heller ikkje Noreg. I dag er ANC på mange vis ein garantist for eit kapitalistisk elitestyre som er i konflikt med den rettferdige kampen til folkefleirtalet.

-----------------------------------------------

Tore Linné Eriksen er professor i utviklingsstudien ved Høgskolen i Oslo og var leiar for utgreiinga Norway and National Liberation in Southern Africa (2000) ved Nordiska Afrikainstituttet i Uppsala.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar